Link til offisielle NPT Review Conference

Link til FN - NPT Review Conference

"A world free of nuclear weapons would be a global public good of the highest order."
United Nations Secretary-General Ban Ki-moon in his address to the East-West Institute 24 October 2008

onsdag 12. mai 2010

Tirsdag 11. Mai - softtalk goes harder



Eg veit at eg skreiv i går at eg skulle skrive litt ved ein seinare anledning om Mona Juul sitt innlegg angåande spørsmålet om atomvåpenfri sone i Midtausten. Det kjem eg ikkje til å gjere, fordi det var lite der som var noko å skrive heim om (bokstaveleg talt). Eg vil mykje heller kommentere litt på innlegget Norge hadde i 1. hovudkomité (komitéen for implementering av delane av NPT-avtalen som tar for seg ikkje-spredning, nedrustning og spørsmål om internasjonal stabilitet og sikkerheit), fordi det var langt meir schwung over dette.

Norge ropar nærmast i dette innlegget på meir initiativ frå Atomvåpenstatane mhp. nedrustning, og etterspør oppfølging av dei 13 stega som vart utforma under tilsynskonferansen i 2000. Det vert vidare understreka at det er nødvendig med tidsrammer og konkrete mål, fordi "vi etter 65 år med kjernevåpen og 40 år med NPT ikkje på nokon måte kan hevde at vi er der vi skal vere når det gjeld nedrustning og fjerning av atomvåpen (min oversettelse)". Det kan ikkje tolkast på nokon anna måte enn at Norge ser på ein avtale utan fristar og arbeidsprogram som ein måte for atomvåpenmaktene å oppretthalde status quo.

Kanskje endå meir interessant er det at Norge mot slutten av innlegget sitt også tek opp dei legale aspekta ved atomvåpen. Her var det to ting som var dekka:
1) Det faktum at ein prosess som går mot ein atomvåpenfri verden må ha eit legalt instrument i botnen, m.a.o. bør ein sette i gang forhandlingar om dette for å få fortgang i prosessen.
2) Den legale basisen for atomvåpen i seg sjølv. Eg tenker her då på spørsmålet om korleis atomvåpen står i forhold til internasjonal humanitær lovgivning.

Det sistnevnte er faktisk ei relativt enkel sak. I forhold til dei sentrale tema i internasjonal lovgivning om våpen er det lett å utarbeide ei forståeleg argumentasjonerekke på dette. Desse er:
-Nødvendigheit - ein stat kan kun bruke den mengde makt som er nødvendig i ei konflikt, med andre ord er det å ha atomvåpen på standby som ein konstant trussel uansett intensiteten i konflikta eit klart brot på dette.
-Evne til diskriminering/distinksjon - dvs. at våpena kan skilje mellom sivile og militære mål
-Proporsjonalitet - at eit angrep vert besvart med nokonlunde samme styrke som det angrepet vart utført med.

Atomvåpen bryter kvart og eitt av desse prinsippa på ein svært alvorleg måte.

Kva er dei praktiske konsekvensane av dette for ein bevegelse som vår?
Svaret er at dette er svært nyttige verktøy for oss. Det er kliss umogleg å skulle bevege oss mot eit forbod/mot ein konvensjon utan at folkeopinionen faktisk støttar oss i dette. Det er dessverre faktisk mange personar som trur at atomvåpen er ein garantist for tryggleiken deira. Ved hjelp av god dokumentasjon, (som rapporten eg nemnde igår om avskrekkings-policyen til NATO som ikkje rotfesta i verkelegheita) og tunge argument som dei eg har lagt fram no om den legale basisen til atomvåpen, har vi gode verktøy for å overbevise folk om at dette logisk såvel som etisk sett er heilt på trynet.

Norge sitt innlegg er god lesning, men vi er ikkje fornøgde før vi har ei regjering som støttar ein konvensjon fullt ut. Det er viktig at vi held oppe arbeidet både i inn- og utland for å halde befolkninga interessert i temaet og kritiske til sine folkevalde sin sikkerheitspolitikk. Utan at folk faktisk trur at atomvåpen ikkje er bra for verken helsa eller tryggleiken deira, får vi nemleg ikkje til noko endring.

-Vegard

P.S: Heile Norge sitt innlegg kan lesast på http://www.reachingcriticalwill.org/legal/npt/revcon2010/statements/11May_MCI_Norway.pdf

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar