Link til offisielle NPT Review Conference

Link til FN - NPT Review Conference

"A world free of nuclear weapons would be a global public good of the highest order."
United Nations Secretary-General Ban Ki-moon in his address to the East-West Institute 24 October 2008

fredag 14. mai 2010

START/STOPP

Eg ser det at det kanskje er noedvendig aa nyansere newSTART-avtalen littegrann meir. Det er eit definitivt problem, og eit ganske stort eit ogsaa, at newSTART ikkje representerer nokon reell nedrustning per se. Men ein maa ogsaa ta med i betraktningen at den tidlegare nemnde PR-verdien i newSTART kanskje ikkje er saa marginal som ein skulle tru etter forrige innlegg. Den representerer jo trass alt eit initiativ.

Problemet her borte er jo fundamentalt sett at det er ein stor mangel paa initiativ fraa atomvaapenstatane til aa "ta det foerste steget" mot nedrustning slik dei faktisk har forplikta seg til aa gjere gjennom NPT-avtalen. I dette ligg ogsaa problemet med at NPT de facto fritek atomvaapenstatar fraa inspeksjonar fraa vaapeninspektoerar og verifikasjonsprosedyrar, altsaa er det ein mangel paa universalitet i avtalen.

Storbritannia og Norge hadde i gaar ein svaert interessant felles presentasjon der dei tok for seg eit samarbeid som gjekk over tre aar der maalsetninga var aa belyse korleis ein ikkje-atomvaapenstat kunne drive inspeksjonar og verifisering av nedrustning hjaa ein atomvaapenstat. Dette er svaert nyttig forskning fordi det belyser korleis eit universelt verifikasjonsregime praktisk kan gjennomfoerast. Det maa understrekast at dette prosjektet vart gjennomfoert gjennom ei simulering av eit slikt scenario. Saa sjoelv om Storbritannia gjennom aa vere med paa eit slikt initiativ klart viser seg som den snillaste gutten i atom-klassen, er det fortsatt langt igjen til norske vaapeninspektoerar faktisk kan sleppe inn paa britiske anlegg. Meir om initativet kan lesast paa http://www.norway-un.org/News/Events/UK-Norway-Iniatitive-Research-into-the-Verification-of-nuclear-warhead-dismantlement/

Elllers er det eit visst problem her at det er lite unge NGO-representantar tilbake. Eg trur det er viktig med ein del nye initiativ i fredbevegelsen for aa ta arbeidet videre, spesielt med det positive politiske klimaet som raadar no. Det hadde difor vore svaert bra aa hatt representantar her ogsaa i den vidare prosessen, spesielt i neste veke ettersom forhandlingane forventast aa intensiverast daa. Eg veit at Wenjing Tao fraa Svenska Lakare Mot Karnvaapen (SLMK) skal vere her under den siste veka av revisjonskonferansen. Vi faar stole paa ho til aa levere litt meir in-depth analysis daa.

1 kommentar:

  1. Hvordan har diskusjonen vært omkring Irans nyinngåtte avtale med Tyrkia og Brasil???

    http://www.nrk.no/nyheter/verden/1.7127275

    SvarSlett