Link til offisielle NPT Review Conference

Link til FN - NPT Review Conference

"A world free of nuclear weapons would be a global public good of the highest order."
United Nations Secretary-General Ban Ki-moon in his address to the East-West Institute 24 October 2008

fredag 7. mai 2010

Snart i Sambandsstatane


Hei, eg heiter Vegard Lundevall, er 26 år, og har vore medlem av MedFred (IPPNW si studentgruppe i Norge) i snart 4 år.

Eg var ein del av ei gruppe studentar i Bergen som fatta interesse for MedFred sitt arbeid det første studieåret på medisin - vi har fortsatt ei aktiv og svært levande gruppe i Bergen som leverer fredsarbeid av høg kvalitet. Eg har hatt mange hyggelege opplevelsar både nasjonalt og internasjonalt, både i møtet med folk under gateaksjonar, og ikkje minst i møtet med IPPNW si mangfaldige medlemsmasse på konferansar og møter i inn- og utland. Som Kirsten er eg svært takknemleg for at eg er funne tilliten verdig til å dra på revisjonskonferansen. Eg skal gjere mitt beste for å hedre den tilliten.

Til tider må eg innrømme at det har vore vanskeleg å forklare folk kva organisasjonen eg er medlem av eigentleg driv med. Ein førsteårsstudent eg prøvde å rekruttere inn i organisasjonen sa det slik: "leger mot atomvåpen? Hva i #¤%£§ har leger med atomvåpen å gjøre?"
Men eg opplever no at studentar tek til å forstå vår rolle i kampen mot denne trusselen mot menneska - legar er personar med stor påvirkningskraft i samfunnet, vi har ei plikt til å arbeide for å betre helsa til menneska i samfunnet rundt oss - og det finnes ikkje maken til den helsegevinsten ein oppnår ved å forhindre krig!

Den generelle befolkninga tek også til å vakne. Det er ikkje til å legge skjul på at mange fredsrørsler har hatt ei stri tørn med å fange folk si interesse etter at den kalde krigen tok slutt. Media sin auka fokus på ustabile område og det faktum at fleire land har kome på banen dei siste åra som atomvåpenaktørar gjer imidlertid at folk no ikkje lenger automatisk ser på atomvåpen som ein "sikkerheitsgarantist" som tidlegare. Vi har med andre ord momentumet med oss i større grad enn på mange år når vi no skal jobbe vidare for å trygge verda for framtida.

Som Kirsten tidlegare har skrive er det viktig at NPT-tilsynskonferansen vert fylt med innhald og at ein får ein forpliktande avtale. Det er ikkje tvil om at NPT har sine manglar, men den er det beste vi har, og den gir eit godt rammeverk for vidare prosessar. Vi skal ikkje gløyme at det er langt færre statar som har skaffa seg atomvåpen i dag enn kva ein frykta då NPT-avtalen kom på plass.

Neste innlegg vert vel på mandag, når konferansen opnar for min del og eg har kome meg på plass i New York. (Forutsett at Island ikkje spreier grunnfjellet sitt over Europa i meir enn moderat grad.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar