Link til offisielle NPT Review Conference

Link til FN - NPT Review Conference

"A world free of nuclear weapons would be a global public good of the highest order."
United Nations Secretary-General Ban Ki-moon in his address to the East-West Institute 24 October 2008

tirsdag 11. mai 2010

Mandag 10. Mai




Vi har no teke til på komitédelen av tilsynskonferansen. Dette går i hovudsak ut på at dei forskjellige delegasjonane leser opp forhåndslagde innlegg i plenum. Mykje av det er ikkje spesielt informativt (eller nyttig!), men ein kan merke seg at i forhold til forrige veke sine svært vage vendingar under åpningstalane, har landa no teke til å kome med noko meir innhaldsrike uttalelsar.

For Norge sin del innebærer dette at ein har fokusert på atomvåpenfrie soner, som slike ein til dømes har i Afrika og det sørlege Stillehavet, som ein måte å minske atomvåpen si rolle i sikkerheitspolitikken. Delegatane frå Norge har imidlertid gjort det klart at slike tiltak kun kan ha ei midlertidig rolle i påvente av "full eliminering av atomvåpen".

Norge har også tatt opp behovet for å styrke IAEA som ein voktar av ikkjespredningsavtalen ikkje berre med økonomiske, men også politiske og legale verktøy. Det er dessverre lite forslag på bordet med hensyn til korleis ein skal skape desse to sistnevnte.

Ellers har Ward Wilson, som har motteke stønad frå norsk UD, saman med andre støttespelarar presentert ein svært interessant rapport på eit av lunsjmøta sponsa av Sveits. Denne rapporten skrur fullstendig frå kvarandre legitimiteten til atomvåpen som avskrekkingsmiddel for krig - den trekker fram Yom Kippur-krigen og Falklandskrigen som to eksempel der ei ikkje-atomvåpenmakt angreip ei atomvåpenmakt - med andre ord feila atomvåpena sin angivelege misjon om å forhindre konflikt. Rapporten trekker også fram landminekonvensjonen og klasebombekonvensjonen som eksempel til etterfølgelse når det skal utarbeidast rettslege instrument til å få ein atomvåpenkonvensjon på plass.

Det er mykje snakk om Israel her med hensyn til korleis ein skal gå fram for å gjere midtausten til ei atomvåpenfri sone. Dette arbeidet vert sjølvsagt svært komplisert ettersom Israel ikkje er medlem av NPT og derfor ikkje er tilstades på konferansen. Iran har vist "storsinn" ved å omsider omtale Israel som "Israel", og ikkje "the Zionist regime"!

Mona Juul skal halde Norge sitt innlegg seinare i dag angåande arbeidet for å gjere Midtausten til atomvåpenfri sone i tråd med resolusjonen frå NPT-tilsynskonferansen i 1995. Meir om dette seinare!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar