Link til offisielle NPT Review Conference

Link til FN - NPT Review Conference

"A world free of nuclear weapons would be a global public good of the highest order."
United Nations Secretary-General Ban Ki-moon in his address to the East-West Institute 24 October 2008

fredag 14. mai 2010

Fram og tilbake er allikevel litt framover?

Norge sin uttalelse her borte har blitt lagt merke til. Mange andre statar har tidleagre sagt at dei vil jobbe mot ein konvensjon dersom nok land er villige til aa stoette eit slikt initiativ. Initiativet er no kome, og gjev konferansen noko meir momentum mot at noko faktisk skal bli gjort. Spoerssmaalet no er om ein kan faa med seg tilstrekkeleg med andre statar til at det let seg gjere aa faa eit brukbart sluttdokument.

Ellers har det vore ein felles konferanse for NGOar i regi av det amerikanske og russiske utenriksdepartementet der dei redegjorde for den nye start-avtalen. Dette moetet vart gjennomfoert i stor gemyttelegheit og med tilsynelatande god vilje mellom dei to landa.

MEN: det som ikkje snakkast saa mykje om er at newSTART-avtalen har tellereglar som gjer denne lite progressiv paa spoersmaalet om ein faktisk vaapenreduksjon. Grunnen til dette er at START regulerer det som baerer stridshodet fram til maalet heller enn stridshodet i seg sjoelv. Eit eksempel: Tenk deg ein amerikansk base der du har lagra 100 atomstridshoder. Paa denne basen er det stasjonert 100 bombefly. Start vert ratifisert. 98 av bombeflya vert dekommisjonert. Etter dette gaar atomvaapentalet paa denne basen ikkje ned til 0, slik ein skulle tru, men fraa 100 til 100 - 2 = 98 atomstridshoder! Vaar eigen utanriksminister har hylla START som eit stort steg paa vegen mot atomnedrustning. Dette er eg ikkje einig i. newSTART-avtalen er heller eit status quo-dokument for PR-messige formaal.

Eksempelet over illustrerer godt at det er svaert noevendig aa faa paa plass ein avtale som gjev det sivile samfunn innsyn i kvar fissilt materiale er til eikvar tid. FMCT-avtalen er essensiell i dette arbeidet, og det hadde brakt tilsynskonferansen svaert mykje framover om ein kunne kome fram til eit sluttdokument der dette var implementert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar